Flokken må bli litt større. Bli med då !!!

Flokken må bli litt større. Bli med då !!!

I fjor meldte Skodje på eit 7-ar lag i juniorseria 17-19 år. På grunn av få påmeldte lag i denne klassa måtte laget spele i serie med menn 7-ar, noko som ikkje var heilt populært blant spelarane.
I år har Skodje meldt på eit 9-ar lag. Dei er då sikra å få spele i 2. eller 3. divisjon saman med 11-ar laga samt at der er tre andre 9-ar lag påmeldt i juniorseria.

Skodje er i den heldige situasjon at dei har både trenar og lagledar på plass for laget.
Svenske Alexander Berntsson har sakt seg villig til å trene laget. Han bur og arbeider på Skodje og har dei siste åra spela på Skodje sitt A-lag. Etter ei lei kneskade i fjor sommar er han no under rehabilitering og kan derfor ikkje spele aktiv fotball før om eit års tid.
Den tidligare trenaren i aldersbestemt fotball på Skodje, Stein Kjerstad, har teke på seg rolla som lagledar so den biten skal og vere i dei beste hender.
Laget vil ha ein sokalla sosial profil der kameratskap og speleglede blir sett i høgsetet. Ein tek sikte på ein til to aktivitetar pr. veka (trening/kamp). Dei av juniorane som ynskjer meir aktivitet kan få dette gjennom tilbod med A-laget.
Etter eit spelar- og foreldremøte denne veka viser det seg at den største bøygen er antal spelarar som vil vere med.
Fotballgruppa på Skodje vil derfor invitere alle som held junioralder i 2015 (født -96/-97 og -98) og bur i vårt distrikt om å ta kontakt med Stein Kjerstad for å melde si interesse.
Kontaktopplysninger Mob: 92855153 e.post: stein@steeltech.no
Frist for å bli med er sett til måndag 9. februar.

DEL MED VENNER: