Tett mellom kampane i 4. divisjon for tida i og med at dei fleste hadde flytta runde 11 fram frå veke 27 til mandag denne veka.
Vårt tippetips mandag gikk inn med 0 rette av 5 mulige.  Ikkje akkurat noko å hoppe i taket for, men so hoppar vi heller ikkje so mykje i taket for tida på Skøye.
Runde 9 går samla torsdag 19. juni og våre tips er slik:

Langevåg – Hareid
Begge laga spela 1-1 på bortebane mandag.  Hareid imponerte vel mest med uavgjort på Valdervoll mens unggutane frå Langevågen kneip eit bortepoeng mot Blindheim.
Det har blitt mykje uavgjort for Hareid den siste tida og Langevåg er og som regel involvert i jamne kampar.
Begge laga befinn seg i midtsjiktet på tabellen og vi trur dei fortset med det etter denne runda.  U.

Emblem – Rollon
Emblem gikk på sitt første tap på heimebane på fleire år etter 0-3 mot toppkollega Volda mandag.
Rollon overraska dei aller fleste med å vinne 1-0 over Ørsta på bortebane, dette er den andre sigeren til Rollon i år etter at dei vann åpningskampen borte mot Stranda 24. april.
Vi trur at denne sigeren vart oljen i Rollonmaskineriet slik at dei knip seg eit nytt poeng i byderbyet  på Ebbemyra.  Ny U.

Godøy – Stranda
Godøy har no tre på rad utan tap, etter to sigrar og ein uavgjort, og ser ut til å vere i god form fram mot sommarpausa.  Laget er ei fin blanding av rutine og ungt pågangsmot og har vel totalt sett overraska dei fleste med 8. plass på tabellen og god kontakt med midtsjiktet.
Stranda utgjer botntrioen på tabellen og det har sikkert vore ein skuffande sesong til no for Strandapatriotane.
Sjølv om Strandarane stiller rimelig utkvilde trur vi framgongsrike Godøy fortset frammarsjen.  H.

Valder – Volda.
Og her kjem rundas toppkamp.  Det alle meste gikk Volda sin veg mandag.  Ikkje berre banka dei toppkonkurrenten Emblem 3-0 på bortebane,  men Valder avga og poeng med uavgjort heime mot Hareid.
Dermed er luka frå Volda ned til toar Valder på 5 poeng.  Om Volda skulle vinne på Valdervoll trur vi det meste er kjøyrt i opprykksstriden, sjølv om over halve sesongen igjenstår.
Imidlertid trur vi Valder kjenner si besøkstid og tek skalpen til Volda her.  H.

Blindheim – FK Sykkylven
Blindheim er ein av dei tre botnmusketerane på tabellen og slit tungt.  Eit lite lyspunkt mandag med 1-1 heime mot Langevåg.
FK Sykkylven fortset med å imponere og kjempa seg til uavgjort på Godøya mandag.
Sjølv om det skil heile 13 poeng mellom desse to laga på tabellen  trur vi faktisk at Blindheim her tek årets første seier.  H.

Ørsta – Skodje
Ørsta er vel hekta av for godt i toppstriden etter å ha gått på ei lita mine og tapt 0-1 heime for Rollon mandag denne veka.
Skodje har ikkje spela kamp sidan onsdag i førre veke, og den kampen har vel forhåpentlig dei aller fleste frå Skøye gløymt allereie.  Det skal derfor vere eit rimelig utkvild mannskap som stiller på Ørsta stadion, gras.
Ein del skada spelarar blir og rapportert å vere i trening igjen so då blir det forhåpentlig eit litt meir robust mannskap som reiser på tur til Ørsta.
Men om dette held til poeng tvilar vi sterkt på, men dristar oss likevel til å satse på ein overraskande U.

Geir R.

DEL MED VENNER:  
        
          

commentscomments

  1. Anonym sier:

    Resultat 4. div. torsdag:
    Langevåg-Hareid 1-0
    Godøy-Stranda 1-1
    Valder-Volda 0-1
    Emblem-Rollon 5-2
    Blindheim-FKS 3-3
    Ørsta-Skodje 4-1
    0 rette av 6 mulige, for andre gong på rad!

  2. Anonym sier:

    Hva i hælvete? Alt feil! Modig å kalle dette tips`… Er det tipstrolling?