Fire rette av 6 mulige sist. Slett ikkje verst til oss å vere.

Det aller meste av spenninga er no ute av 4. divisjon, men fortsatt er der litt å spele om i botnstriden. Slik utviklinga er blitt i 3. div. avdeling 8 kan faktisk fire lag rykke ned frå 4. divisjon, men då må mykje gå gale i divisjonen over.

Torsdag 2. oktober:

Langevåg – FK Sykkylven.

Dei to opprykkslaga frå i fjor har begge hatt ein flott sesong til no. Begge laga vart av dei fleste, mellom anna av oss) tippa i botnstriden men dei har halde seg langt unna denne. Faktisk er FKS i toppstird og kjempar om 2. eller 3. plassen på tabellen.

Langevåg vann den omvendte kampen i vår med 2-1 og det blir sikkert jamnt også i denne.

Vi tek sjangsen på ein U her.

Godøy – Rollon

To lag i god haustform, spesielt Godøy er det reinaste lokomotivet i divisjonen no i haust. I førre runde vaska dei Skodje av bana med ein sugande innspurt dei siste 15 minutta.

Rollon har og kara seg godt unna botnstriden, om enn noko haltande, og er no på rimelig sikker grunn.

Vi trur faktisk at kometlaget Godøy fortset frammarsjen. H.

Valder – Stranda

To gamle kjemper som ofte er langt oppe i seriesystemet på Sunnmøre. Denne sesongen har Valder skuffa litt i forhold til den absolutte toppstrid, der vi hadde tippa dei.

Stranda har skuffa langt meir og er ein av dei tre i botnen som pr. dato ligg an til nedrykk. Men 5-0 mot nedrykkskollega Blindheim i førre runde lyser vel litt opp i haustmørkret.

V i trur, og håpar, likevel at Valder blir for sterke her. H.

Blindheim – Volda

So absolutt eit topp mot botten oppgjer. Blindheim ligg heilt sist på tabellen og fikk bank med stygge 0-5 på Stranda sist.

Volda på si side tronar på toppen, som dei har gjort i heile år, og vart i førre runde formelt klar for KM og opprykk.

Denne skal ende med B, om ikkje Volda fortsatt div og feirar opprykk.

Emblem – Skodje

Einaste oppgjer som liknar litt på eit nabo-oppgjer for Skodje i årets sesong, sjølv om oppgjera mot nabo Emblem i sørvest ikkje har same status som oppgjera mot Ørskog, Stordal og til dels Ravn.

Emblem beheld 2. plassen på tabellen bak suverene Volda, men har vore litt rufsete i haust og kjenner seg no truga av nabo over Storfjorden, FK Sykkylven.

Skodje hadde eit lite blaff for eit par-tre rundar sidan men har i det to siste tapt klart og fortjent.

Dette skal vere ein H-kamp, om ikkje Skodjekarane aldeles overgår seg sjølve.

 Fredag 03. oktober:

 Ørsta – Hareid

Det nærast Hareid kan kome eit lokaloppgjer i årets sesong.

Begge laga har vel skuffa litt til no, Ørsta kanskje mest sjølv om dei pr. dato har to poeng meir enn Hareid.

Om det skulle gå so gale at tre Sunnmørslag rykker ned frå 3. div. (Bergsøy er vel litt i fare no i tillegg til La/Gu og Norborg) vil 9. plassen i 4. divisjon vere i faresona. Der befinn Hareid seg pr. dato og Ørsta er heller ikkje heilt trygg med 2 poeng meir.

Vi trur mest på ein U i dette nabo-oppgjeret.

Geir R.

 

 

 

 

 

 

 

 

DEL MED VENNER:  
        
          

commentscomments

  1. Geir R. sier:

    Ikkje den store uttellinga med berre to rette av 5 torsdag.
    Resultat:
    Langevåg – FKS 2-5
    Godøy – Rollon 3-3
    Valder – Stranda 1-2
    Blindheim – Volda 3-4
    Emblem – Skodje 5-2

  2. Geir R. sier:

    Normalt brukar kampar mellom Ørsta og Hareide å ende med ein U, men ikkje denne gong.
    Fredag kveld vann Ørsta 3-0 heime over Hareidsdølane og dermed berre to rette av 6 i denne runda for vår del.