Fire rette av 6 mulige i forrige runde. Tangering av årsbeste.

Denne runda er det berre Skodje og Stranda som fylgjer terminlista og spelar runde 11 i veke 27 (02. juli), som seg hør og bør. Dei øvrige laga har framskunda runde 11 eg spelar måndag 16. juni.

Kampane går slik:

Emblem – Volda.

Eit reinhekla toppoppgjer mellom nr. ein og to på tabellen.

Emblem har svinga litt i det siste og gikk frå 1-4 tab borte mot Ørsta til ein komfortabel og altfor liten 5-0 seier borte mot Skodje.

Volda held stø kurs på toppen av tabellen og i forrige runde kom sesongens klaraste seier med 5-1 heime mot Botnlaget Blindheim.

Vi trur på ein tett og tøff batalje på Ebbemyra og at Volda forblir ubeseira. U.

Godøy – FK Sykkylven.

Godøy er i susande sommarform for tida og med det mannskap dei no disponerer kan den tredje sigeren på rad lett kome her.

FK Sykkylven gikk på sesongens første nederlag, heime mot unggutane frå ytre Sula, i forrige runde men heng fortsatt godt med på øvre halvdel.

Vi trur at framgongsrike Godøy tek sin tredje strake. H.

Valder – Hareid

Valder viser stabil form og ligg på delt 2. plass på tabellen med Emblem. I forrige runde vart det ein komfortabel 3-0 seier borte mot Stranda.

Hareid held seg på øvre halvdel og spelte i sist 2-2 heime mot Ørsta, som forventa.

Vi trur Valder blir for sterke for Hareidsdølane heime på Valdervoll. H.

Ørsta – Rollon

Ørsta har til no i sesongen skuffa oss litt med det mannskap dei disponerer og med ringreven Svein Slinning i førarsetet.

Rollon har skuffa både seg sjølv og dei fleste andre med å ha hamna i den absolutte botnstriden med 4 poeng etter 8 kampar. Det tek kanskje på å runde 100 år? Ikkje veit eg, for eg har aldri prøv.

I alle fall fortset motgongen for Rollon her. H.

Blindheim – Langevåg.

Blindheim har hamna heilt nedst på tabellen og no brenn det vel eit lite blått lys for denne forholdsvis store breiddeklubben med sitt flott anlegg.

Langevåg sine ungkalvar fortset å imponere og sigeren borte mot FKS i førre runde var rett og slett imponerande!

Imidlertid trur vi at Blindheim sprenger 0-en i vinnarkolonna og tek heim sesongens første seier. H.

Dermed blir dei to einaste laga som fylgjer terminlista botnkollegaer, begge med 3 poeng, i alle fall fram til komande torsdag.

Geir R.

DEL MED VENNER:  
        
          

commentscomments

  1. Anonym sier:

    Resultat:
    Emblem – Volda 0-3
    Godøy – FK Sykkylven 1-1
    Valder – Hareid 1-1
    Ørsta – Rollon 0-1
    Blindheim – Langevåg 1-1.
    0 rette av 5! Det har vi ikkje klart tidligare.