Onsdag møttest Norborg (4. div.) og Skodje til treningskamp framfor haustsesongen som for Skodje sin del startar komande onsdag 12. august borte mot Tjørvåg.
Skodje sleit litt med å stille ein 11-ar til denne kampen men lykkast til slutt, sjølv om trenar Ørjan Haram var einaste innbytar.
Skodje heldt godt fylgje i 30 minutt men so vart det slutt på kreftene slik at Norbog rakk å putte på tre før pause. Men Skodje reduserte til 1-3 på ein frekk lobb frå Sigbjørn Rødstøl.
I andre omgong putta Norborg på tre nye, derav to straffespark, utan at Skodje klarte å svare.
Det enda dermed med 1-6 nederlag for eit Skodjelag som kun inneheld 3 av dei som starta sesongen i vår.
DEL MED VENNER: