I heile vinter og vår har fotballgruppa på Skodje jobba hardt med å få på plass eit nytt komplett styre. Etter eit utvida styremøtet mandag denne veka er dette no endelig på plass.

 

Under årsmøtet i desember sa ledar i fotballgruppa Ørjan Haram frå seg gjenvalg. Dette skuldast at han har ein krevjande jobb med mykje møte- og reisevirksomheit, samt at han er trenar for både A-lag og jentelag 15-16 år på Skodje.

Fotballen på Skodje er Ørjan stor takk skuldig for dei tre åra han har leda fotballgruppa.

 

No er hans arvtakar på plass i det ungdomen Frank Larsen Ytterdal meldte seg til teneste for eit par veker sidan.

Frank er 25 år gamal og har vore busett på Skodje dei siste 10 åra. Han er generelt fotballinteressert og er ofte å sjå på tribuna på Skodje sine kampar.

I det daglige jobbar han som mekanikar på Møller Bil i Ålesund.

Med ungdommelig pågongsmot håpar vi at han blir ein ressurs for skodjefotballen i mange år framover.

 

Nestledar i fotballgruppa Hanne Vadset Knotten har og hatt ei krevjande dobbelrolle i styret. I tillegg til nestledarvervet har ho dei siste par åra hatt eineansvar som utstyrsansvarlig i fotballgruppa.

Under årsmøtet før jul tok ho på seg å fortsette som nestledar om ho vart avlasta frå vervet som utstyrsansvarlig.

No er ny utstyrsansvarlig på plass i det Agnete Topp Nerbøvik har teke på seg denne oppgåva, noko fotballgruppa er svært takksame for.

 

Det tredje vervet det har blitt jobba med å få på plass er eit nytt verv som ledar for yngres (barnefotballen) i fotballgruppa.

Etter ei omorganisering i idrettslaget i fjor haust tok fotballgruppa over drifta av barnefotballen 10 år og yngre, noko som tidligare Barneidrettsgruppa (no Idrettskulen) har hatt ansvar for.

For å få avlasta ledar og sportslig ledar vart det derfor oppretta eit nytt verv i fotballgruppa. Under eit medlemsmøte i april tok Monica Dahlen velvillig på deg dette vervet.  Ho er elles lagledar for jente 9-årslaget på Skodje.

 

Dermed skal fotballgruppa endelig vere komplett med desse verva.

Ledar: Frank Larsen Ytterdal

Nestledar: Hanne Vadset Knotten

Økonomiledar: Anne Elisabeth Skodje

Sportslig ledar: Atle Ødegård

Ledar yngres (barnefotball): Monica Dahlen.

Utstyrsansvarlig: Agnete Topp Nerbøvik.

Flott at damene dannar fleirtalet med 4:2!

DEL MED VENNER: